top of page
IMG_0093.JPG

Velkomen til TrandalTrall

"Musikk er liv - TrandalTrall gir glede og liv"

Foto: @rnie MoeJoe

Heim: Event Details

Her er årets artistar til Trandaltrall søndag 2. juli:
Billettar til konsert, brennsnut og båt på tikkio.com

Konsert start kl. 16.
Sjekk også programmet til årets Trandalblues.

Vangsgutane starta i 1990 og dei heldt det gåande fram til 2001. I denne perioden spelte dei meir enn 350 konsertar,  frå Tromsø i nord til Halden i sør. Så kom nokre år i dvale, men i 2005 dukka dei  opp igjen og sidan har dei halde det gåande. Dette er folkrock, i hovudsak frå Irland og de britiske øyane. Musikken kjem som «perler på ei snor», frå artistar som Pogues, Fairport Convention, Waterboys, Flogging Molly og Tossers. Dette i tillegg til eige materiale. Bandet har ei mangfoldig instrumentering, noko som gjer at dei let slik som folkrock fra øyane vest i havet skal låte – med melodier frå rolege tradisjonelle ballader til jiig og reel - i fullt firsprang.

Vangsgutane er Britt Elise Skram på fele, Gunnar Rafteseth på trekkspel, Jørgen Wiik på fløyter, Lasse Krogseth på bass, Magne Steinsvoll på mandolin og banjo, Terje Bystøl Hansen på trommer og Hallvar Djupvik på gitar og song.

Otto Junior
Otto Jr..jpg

Ungt og unikt gitartalent til Trandaltrall 2023

I blueskretsar er Otto Junior kjent som eit supertalent på gitar.
Han er 17
 år og har oppnådd mykje til trass for sin unge alder.
Otto Junior har spelt med store gitaristar som blant anna Little Steven, Tora,  Knut Reiersrud, Vidar Busk, Kid Andersen, Kingfish, Amund Maarud, Mike Zito, Josh Smith, Matt Schofield og mange, mange fleire.
Otto Jr. er også ein del av Gibson Generation Group (G3) som består av 19 ungdomar frå heile verda. I januar 2020 var dei samla på NAMM Show i USA der han fekk varme opp for Slash, Don Felder og Billy Gibbons.
Otto Junior har også varma opp for store norske navn som m.a. Jarle Bernhoft, CC Cowboys, DDE, og Di derre.

På Trandaltrall vil Otto Junior gi oss akustiske tolkningar av bluesklassikarar som har hatt stor betydning for hans musikalske utvikling og fasinerande teknikk. 

Trio Alde
Trio_Alde_til_Kabuso_Foto_Thor_Haukenes.jpg

Trio Alde: Ordet alde har to tydingar: stor havbåre, dønning og hagefrukt. Ordet rommar altså både hav og hage - og peikar mot Vestlandet, rett mot Sunnmøre og Trandaltrall - i bakkane på fagre Trandal!

Trio Alde er tre av dei mest fargesterke folkemusikarane våre: Gabriel Fliflet (trekkspel, piano, song), Berit Opheim (song) og Jorun Marie Kvernberg (feler, song m.m.). 

Trio Alde platedebuterte i februar 2021 med albumet «Himlaleite». Og dei gir oss songar med tekst av Kjartan Fløgstad og musikk av Gabriel Fliflet; eventyrlege historier, naturlyrikk og voggesongar - eit breitt spenn frå stille nynning og blåtonar til driv og dansetakt. Songar som går sine eigne stiar. Lengting, liv og song! Og kva passar vel betre på Trandaltrall i 2023?​

​Musikar og musikkmakar Gabriel Fliflet har mellom anna laga musikk til mange av Fløgstads songtekstar. Fliflets melodiar er melodiøse, men går gjerne litt uventa vegar. I fleire av dei kan du høyra at komponisten ikkje berre trivst på konsertscena, men òg er glad i å spela til dans: Vals og reinlendar, tango og ulike balkandansar!

Dette er musikk av høgste klasse! Vi ynskjer Trio Alde og publikum særs velkomne til Trandaltrall, 2. juli 2023.​

Inga-Lill - med folk
Inga-Lill.jpg

Vi er heilt sikre på at Inga Lill vil gjere sitt til at Trandaltrallen vert ei unik oppleving når hennar vakre stemme syng over tun og fjord, nesten opp på Sylvkallen!  
Og dette talentet er frå våre grender,  Sunnmøre!

Ikkje så mange har oppdaga denne vakre sjela enno, men det har vi! Og vi kjenner det som ei ære å kunne presentere Inga-Lill for så mange som mulig! Folka hennar som er med er Kevin Myklebust på tangentar, Roberth Lien trommer, Arne Moe bass og kordamene Helena Ulstein og Karina Longva.

Diva, full av sjel – men  først og fremst ei vedunderleg stemme!

Kontaktinfo Trandaltrall

Arrangør av Trandaltrall er Bratt og Blått (org.nr. 997960742), ein ideell organisasjon som står bak fleire årlege arrangement i området, bla. "Noregs vakraste bluesfestival" Trandalblues. Har du behov for å ta kontakt med oss kan du fylle ut skjemaet under her. 

 

Helsing frå oss i nemda Arne, Kyrre og Terje

Nemda.jpg

Takk for at du sendte inn!

bottom of page