IMG_0093.JPG

Artistar TrandalTrall 2022

Foto: @rnie MoeJoe

Vi vågar påstanden: Dette er universet sin beste jodle- og trekkspelduo! Og det er vel ingen som ikkje fekk med seg at dette er sjølvaste Stjernekampvinnaren 2021!

Vi har den store gleda av å ønske Polkabjørn & Kleine Heine velkomne til verdas første Trandaltrall. Nærare presentasjon av dette fenomenet er nok ikkje nødvendig, men vi vil likevel nemne at denne duoen har varma opp og spela saman med dei beste i Norge. Dei har laga ein dokumentarfilm – "The art of Yodeling" – som vart seld til over 20 land! Slå den!

Stryk snippen, rett på kjolen (neida, det er ikkje kleskode), men gjer deg klar for noko makelaust! Dei har halde saman i over 10 år, og heile Norge veit nok kva dette handlar om. På Trandaltrall  kan alle bli med på ei heidundrande forestilling med jodling, trekkspel og allsong.

Vi gler oss storleg!

Polkaedit.jpg
 
BrazzBros.jpg

Frå sentrum av verda, lengst ute mot havet ligg Langevåg. Kven skulle trudd at denne staden ville fostre ein gjeng i verdsklasse? Dei har halde på i over 30 imponerande år, og dei vil ikkje gje seg.

Over 3500 konsertar, i 36 land og 20 lp-plater har det blitt. Dei har vore hjå oss på Trandal før, og no kjem dei endeleg att. På Trandaltrall denne gongen, med den musikalske drakta dei alltid har ønskt å bære. 

Dei kjem med det dei kan best – ein musikalsk eksplosjon, der dei først og fremst ønsker å formidle det felles språket som lever i musikken. Med andre ord fins det ikkje grenser. 

The Brazz Brothers er to brødrepar på messinginstrument. Jan Magne Førde spelar trompet og flygelhorn. Helge Førde spelar trombone. Runar Tafjord spelar waldhorn og Stein Erik Tafjord bles, og held fast i tubaen med kyndig hand.  Fra Sula kjem også Kåre Nymark jr. på trompet. Kenneth Ekornes held groovet ved trommene. Vi er svært glade for å ha dei hjå oss i 2021. Denne gongen på Trandaltrall der dei musikalske grensene ikkje fins. Velkomne gutar! Riv ned gjerda! 

egilolsen2016_youandiforeverpromo03.jpg

Egil Olsen. Kva meir er det å seie om vår eigen Egil enn at han faktisk er er vår?

Ein Ørsting, busett i Volda på sjølvaste Skrivargarden. Han er ein som har turnert verda over, gitt ut fem plater og stadig er å høyre. Både på radio og i tv. Og for ikkje å nemne at han også har laga musikk til dataspel.

Han utmerka seg med mange sendingar på web i den tida vi trengde det.

Dette er vår Egil Olsen!

Og for dei som treng meir informasjon om vår mann, skal det også nemnast at han er ein glimrande teiknar som har laga logo til Trandaltrallen!

Ein flott artist, med eit personleg uttrykk som er uslåeleg. Han er vår, og han er attende på Trandal. Denne gongen på Trandaltrall med bandet sitt.

Hjarteleg velkomen skal du vere, Egil! "